Grannelaget Austomelvo er eit samlingspunkt for oss som bur søraust for Hatvik- og Solstrandvegen. Grannelaget såg dagens lys då planane for Lyngheim vart lansera i 1999. Nokre ildsjeler tok tak i dette og sidan har det gått slag i slag med ymse saker og aktivitetar.

Det vi har som faste punkt på timeplanen er Juletrefesten i Os Eldresenter, ryddesjau og St.Hansfeiring i Haugsnesfjero og Krabbefesten som vi plar halda i lokala til Oselvarlaget.

På desse sidene til grannelaget vert det lagt ut bilete frå nærområdet vårt og frå aktivitetar vi har hatt. Du må gjerne sende oss e-post viss du lurar på noko eller kanskje har nokre fine bilete vi kan nytta på sidene våre. E-postadressa finn du på framsia.

Styret er sett saman av ”blanda drops” slik at vi prøver å spreie oss geografisk i området. Då kan du gjerna gje ein lyd til ein av dei i ditt nærområde viss du har nokre spørsmål. Vi er ein fin gjeng som alltid har eit godt humør og glimt i auga på møtene våre. Har du lyst og vera med og bidra eller at du vert spurt; ikkje stuss, hiv deg med.

Grannelaget har mange gode områder for turgåing. Vi kan nemna gangvegen rundt Lyngheim og vidare til Solstrand Hotel og Bad. Vi har Haugsnesfjero som vi føler er ”vår”og vert nytta av mange i området for bading, soling eller rett og slett ein plass i ein lun krok med ei god bok.

På toppen av Lurane er det eit grøntområde som i alle år har vore nytta til leik og moro for den yngre garde, sumar som vinter. På Lyngheim er det ei enkel fotballgrasbane.

Ein har og gode mogelegheitar for å leggja turen mot Midtbø, Moldegård, Smievågen, Moldaneset osv..

Det er kort veg til Bjørnefjorden Golfklubb. Denne ligg rett over Hatvikvegen ved Solstrandsskiftet.

Det er no på gang ei gamalt tun på Lyngheim med gamle tømmerhus bla. i frå Tveit i Hegglandsdalen. Det er spanande prosjekt som nokre og har engasjert seg i.

Av andre kultursyslar kan vi nemna Oselvarlaget som held til ved Vindu mot Fjorden og Oselvarverkstaden som ligg nærast brua. I tillegg er det fleire næringsverksemder som held til på rett sia av elvo.

Det er med andre ord litt å ta seg til i nabolaget. Vi vil oppfordra deg til å ta kontakt viss du har noko du lurar på.


Helsing styret i Grannelaget Austomelvo

Ekstra informasjon