Informasjon fra styret

Årsmøte i Grannelaget 5. mars 2013

 

Referat frå årsmøte 5. mars 2013

Det vart halde årsmøte i grannelaget 03.03.2013 kl 1900 i Os Eldresenter.

Frå styret møtte Turid Kuntze, Øyvind Skarstein, Nina N. Stien, Arvid Tveit og Kristian Osen Fagertun.

Arvid Tveit ønska velkommen.

 

1.        Godkjenning av innkallinga

Innkallinga til årsmøtet vart godkjent.

 

2.        Årsmelding og rekneskap

Turid Kuntze gjekk gjennom årsmeldinga. Denne vart funnen i orden.

 

Arvid Tveit gjekk gjennom rekneskap frå 2012. Grannelaget gjekk med rundt kr 2700 i underskot i 2012 etter å ha gjeve eit tilskot på kr. 10.000 til Det historiske tunet på Lyngheim Eigenkapital er no på dryge 66.500. Det er om lag 2600 lågare enn i 2011, og det meiner styret er bra når vi tar omsyn til summen vi ga til Lyngheim . Rekneskapen vart godkjend med atterhald om at nokre summariske korrigeringar må gjerast før revisor Magne Brekke signerer på rekneskapen.

 

3.        Fastsetjing av kontingent

Kontingenten har vore på kr 200,- pr husstand. Det er framleis slik arrangementa i regi av grannelaget som oftast kostar pengar. Det er heller ingen konkrete prosjekt å nytte pengar på pr i dag, utover eit ønske om å få laga ein leikeplass. På grunnlag av dette, samt at grannelaget pr i dag har god økonomi, var styret sitt framlegg at kontingenten skal fortsette å vere kr 200,-. Dette vart vedteke.

 

Med tanke på at talet på betalande medlem i grannelaget har gått ned frå 2011 til 2012 sjølv om en del nye medlem er komne til, opplyste ein tidlegare kasserar i grannelaget at han pla sjekka om alle som vanlegvis hadde betalt kontingent hadde betalt kvart år. Om dei ikkje hadde det tillet han seg å sende ei venleg påminning. Denne praksisen bør takast opp att. Det kan hende folk berre gløymer å betale. Dessutan bør vi sette på ei betalingsfrist og legge ved giroblankettar. Det er ikkje alle som nyttar nettbank.

 

4.        Val av nytt styre

Velkomiteen har i år vore Anne Marit Høyem. Ho la fram liste over dei ho har spurt om å stille i styret til grannelaget. Nytt medlem i styret er Christian Toft. Arvid Tveit og Turid Kuntze tok attval (2 år). I tillegg sit Øyvind Skarstein, Hege Holemark, Kristian Osen Fagertun og Nina N. Stien i styret. Silje Olsen og Erling Berge gjekk ut av styret.

Talet på styremedlem skal vere 10 personar, og difor manglar vi tre namn til.

Vedtak: Styret jobbar vidare fram til konstituerande styremøte med å finne tre medlemmar.

Vedtak: Fordi statuttar for Grannelaget aust om elvo ikkje føreligg vedtok årsmøtet at styret er beslutningsdyktig inntil statuttar er vedteke av eit nytt årsmøte.

 

5.        Eventuelt

Saker som vart drøfta under ”eventuelt”:

·        Kva kan vi tilby for medlemma i grannelaget?

·        Diskusjon om leikeplass og ballbinge, som er gamle saker som det enno ikkje er noko løysing på. Ei gruppe har jobba vidare med leikeplass-saka, og vi bør legge ut info om status på nettsida og Facebook slik at folk ser at nokon jobbar med det.

·        Drøfting om vi bør ha einfest med f.eks. gammaldans i tillegg til krabbefesten for å gjere festane attraktive for alle aldersgrupper av vaksne. Det vart og sagt at noko av sjarmen med krabbefesten er å treffe naboar i alle aldrar. Årsmøtet kom ikkje til nokon konklusjon.

·        Kiwi-utbygging, diskusjon og spørsmål om det nokre har høyrd om utbygging av butikken, husvære og parkering.

 

6.        Diskusjon om krysset mellom Hatvikvegen og Steinneset

Etter diskusjonen har årsmøtet gitt styret i oppdrag å komme i kontakt med ansvarleg for endring og godkjenning av krysset og utbe ein plan for krysset. Styret formulerer eit skriv på vegne av grannelaget.  

 

7.        Informasjon om ”Det historiske tunet” på Lyngheim

Magne Brekke og Nils Georg Brekke orienterte om kva som skal skje med bygginga i år og kor tid det heile er venta å vere ferdig.

Stiftelsen har også fått nokre midlar for å utbetre og utvikle uteområdet rundt tunet. Det vart vidare diskusjon om moglege forbetringar og bruk av det store arealet på Lyngheim som kommunen disponerer samt om trafikk og parkering i samanheng med bruk av turvegar og tunet når det er ferdig.

 

8.        Innkomne saker

Det var ingen innkomne saker.

 

 

 

Årsmelding for ”Grannelaget Aust om elvo” 2012

Årsmøte ble heldt i Grannelaget Aust om elvo 6. mars 2012.

 

Styret har i 2012 bestått av følgjande medlemmer:

Turid Kuntze (leiar), Arvid Tveit (kasserar) (deler styreplassen med Liv Strømsvåg), Hege Holemark (referent og webansvarleg), Nina Nicolaysen, Silje Olsen,  Øyvind Skarstein, Erling Berge, Kristian Osen Fagertun.

Ut av styret gjekk Anne Marit Høyem, Anita Rundsveen og Otto Lyssand.

Styret skal bestå av 10 personar, men valkomiteen lykkast ikkje med å finne nok nye styremedlemmer. Styret i 2012 har derfor ikkje konstituert seg, men fungert sidan det første møtet etter årsmøtet, den 7. mai.

Styret har i perioden frå siste årsmøte hatt fire møte for å koordinere dei ulike aktivitetane.

St. Hans-feiring vart forberedt med rydding i fjero måndag 21. mai. Ganske mange personar møtte opp og rydda raskt fjero for tang og boss så det vart fint der før badesesongen og St- Hans-feiringa.

St- Hans-feiringa gjekk av stabelen på tradisjonelt vis med bål, grilling og loddsal. Veret var rimelig bra så for de tøffaste vart det bading!  Det har nok vore meir folk i Steinnesfjero tidlegare år før me fekk konkurranse av mange andre arrangement. Styret i Grannelaget meiner likevel at vi bør halde fram med det som er blitt ein tradisjon i Steinnesfjero, mellom anna med tanke på at ungane Aust om elvo skal ha eit trygt tilbod i nærområdet denne kvelden.

Krabbefesten er blitt eit fast innslag om hausten, og den ble halde den 6. oktober. Det var litt over 60 påmeldte, og det var passeleg i desse lokala. Diverre kom ikkje alle dei påmeldte så vi fekk litt færre betalande enn vi hadde rekna med. På menyen stod fiskesuppe, denne gongen med litt orientalsk vri laga til av Frode, Mi og Terese. Dessutan var det krabbeklør, krabbesskal og reker. I år som i fjor hadde vi levande musikk ved Geir-Magne Johnsen, og det var svært populært og skapte god stemning på dansegolvet. Vi fekk mange positive tilbakemeldingar på festen, og det setter styret stor pris på.

Julatrefest hadde vi etter nyttårsfeiringa. Styret har framleis det inntrykket at dette er et viktig arrangement for å samle innbyggjarane i Grannelaget og å gjere oss synlege. Datoen for julatrefesten var laurdag 5. januar. Serveringa var hotdogs, julekaker og gløgg, brus og kaffi. Det var åresal, julesongar og gang rundt juletreet, og nissen kom sjølvsagt. Både unge og gamle koste seg på festen. Det var veldig godt oppmøte, over 90 påmeldte.

Stor takk til alle som har brukt av fritida si og stått på slik at vi kunne lage desse vellukka arrangementa

Grannelaget har ikkje hatt tunge politiske saker i år, men har følgt med på planane for utbygging i Hamnevegen og området rundt, på begge sider av Hatvikvegen. Styret har drøfta korleis vi kan gjere grannelaget synleg og uttala oss til kommunen og i media om det som vedkjem området vi bur i.

Medlemstalet i Grannelaget Aust om elvo har gått ned frå 72 i 2010 til 69 i 2011. I 2012 var det 59 betalande medlemmer.

Det er tungt å finne nye medlem til styret i Grannelaget, og vi har diskutert om talet på styremedlem bør minskast. Men fordi det er styret som står for dei arrangementa vi har i løpet av året treng vi å vere 10. Det er ikkje alltid at alle kan stilla, og når nokre ikkje kan komma blir det mykje arbeid igjen på dei andre. Som styreleiar i dei to siste åra vil eg derfor nytta høvet til å minna medlemma i Grannelaget på at vi kvart år treng at nok personar stillar til styret slik at vi kan fortsetta med dei arrangementa som har blitt til ein tradisjon. Vi snakkar også kvart år om å auke aktiviteten for å få meir blest om Grannelaget, og skal det skje er det heilt naudsynt med aktive folk som stiller til styret.

Heimesida http://www.austomelvo.com/blir oppdatert når noko skjer i Grannelaget, mellom anna blir alle invitasjonar til arrangement lagt her. Vi har også ei side på Facebook der vi har eit aukande tal venar og der informasjon om arrangement og nokre bilete blir lagt ut.

For styret i Grannelaget aust om elvo

Turid Kuntze

 

 

Grannelaget Aust om elvo

Referat frå årsmøte 06. mars 2012

 

Det vart halde årsmøte i grannelaget 06.03.2012 kl 1900 i Os Eldresenter.

Frå styret møtte Turid Kuntze, Erling Berge, Silje Olsen, Øyvind Skarstein, Nina N. Stien, Anne Marit Høyem og Arvid Tveit.

Anne Marit Høyem ønska velkommen.

1.        Godkjenning av innkallinga

Innkallinga til årsmøtet vart godkjent.

2.        ABO informerar om planar for utbygging i nærområdet vårt (Lien/Eide-tomtene).

Drange frå ABO informerte tilhøyrarane frå Grannelaget om blant anna reguleringsplan, løysingar for veg og vegkryss som har vorte vurderte og om den planlagde bygginga av husvære på begge sider av Hatvikvegen.

3.        Årsmelding og rekneskap

Turid Kuntze gjekk gjennom årsmeldinga. Denne vart funnen i orden.

Arvid Tveit gjekk gjennom rekneskap frå 2011. Grannelaget gjekk med nærmare kr 900 i overskot i 2011 og har eigenkapital på dryge 69000. Det er så å seie uendra frå 2010. Rekneskapen vart godkjend med atterhald om at revisor Magne Brekke signerer på rekneskapen.

Det vart kommentert at krabbefesten går med underskot. Styret i Grannelaget må ta stilling til om det skal brukast så mykje pengar på denne festen og mellom anna vurdera om inntekter bør aukast.

 

4.Fastsetjing av kontingent

Kontingenten har vore på kr 200,- pr husstand. Styret har drøfta om den bør aukast. Det er framleis slik arrangementa i regi av grannelaget som oftast kostar pengar. Det er heller ingen konkrete prosjekt å nytte pengar på pr i dag, utover eit ønske om å få laga ein leikeplass. På grunnlag av dette, samt at grannelaget pr i dag har god økonomi, var styret sitt framlegg at kontingenten skal fortsette å vere kr 200,-. Dette vart vedteke.

 

5.Val av nytt styre

Nytt medlem i styret er Kristian Osen Fagertun. Hege Holemark og Nina Nicolaysen tok attval (2 år). I tillegg sit Turid Kuntze, Erling Berge, Silje Olsen, Øyvind Skarstein og Arvid Tveit i styret. Anne Marit Høyem, Otto Lyssand og Anita Rundsveen gjekk ut av styret.

Skal talet på styremedlem vere 10 personar manglar vi to namn til. Valkomiteen har ikkje lukkast med dette fram til årsmøtet.

Vedtak: Valkomiteen jobbar vidare fram til konstituerande styremøte med å finne to medlemmar og gir innspel til styret ved Turid Kuntze.

 

6.Formann i «Vener av Lyngheim» orienterer om bruk av Det historiske tunet på Lyngheim

Torolv frå ”Vener av lyngheim” fortalde om prosjektet med Lemstovo på Tveit og om kva stovo kan verte for nærmiljøet når ho er satt opp. ”Vener av Lyngheim” skal vere med og drifte det. Det trengs midlar for å få prosjektet ferdig, og man kan verte medlem av venelaget.

 

7.Forslag til havfisketur for medlemmar av Grannelaget

Det er framleis ønske om å arrangere turar etc. i regi av grannelaget. Eit konkret forslag er fisketur, og Øyvind Skarstein orienterte kort om dette framlegget.

 

8.Leikeplass i nærområdet

Silje Olsen orienterte om det arbeidet som er gjort, og kontakt med kommunen, for å freiste å få til ein leikeplass i området aust om elvo.

9.Innkomne saker

Det var ingen innkomne saker.

 

10.Eventuelt

 

 

 

Måndag 23. mai blir det rydding i Haugsnesfjero. 

Tirsdag 6. mars er det årsmøte for Grannelaget i Os Eldresenter

Det ble avholdt årsmøte i grannelaget 08.03.2011 kl 1900 i Eldresenteret.

Ekstra informasjon