Grannelaget Aust om elvo

Referat frå årsmøte 17. mars 2015

 

Det vart halde årsmøte i grannelaget 17.03.2015 kl 1900 på Lyngheimtunet.

Frå styret møtte Jan Ole Fagerbakke, Turid Kuntze, Robert Wagner-Larsen, Nina Nicolaysen, Arvid Tveit og Hege Kristin Holemark.

Jan Ole Fagerbakke ønska velkommen.

1.        Godkjenning av innkallinga

Innkallinga til årsmøtet vart godkjent.

2.        Årsmelding og rekneskap

Jan Ole Fagerbakke gjekk gjennom årsmeldinga. Denne vart funnen i orden. Det ble og  orientert om siste status for leikeplass på Lyngheim. Det er møteaktivitet i kommunen når det gjeld denne saken, og ein ønsker å sjå heile Lyngheim under eitt. Nils Georg Brekke informerte om at Vener av Lyngheim har fått midlar frå Gjensidigestiftinga for å få satt opp gjerde langs sjøen, uteplass visavis aktivitetsplass og steingard mot parkering. Det er ønskeleg at kommunen får driftsansvar for plassen. Det ble og påpeikt at vi bør omtala leikeplass som aktivitetspark – i alle fall i offisiell kommunikasjon med kommunen, i søknader o.l. til tross for at Grannelaget i historisk samanheng har jobba for leikeplass. Planen er at fysisk start for å lage aktivitetsparken på Lyngheim vert etter sommaren.

Arvid Tveit gjekk gjennom rekneskap frå 2014. Grannelaget gjekk med rundt kr 17 000 i overskot i 2014. Eigenkapital er no på dryge 91 300. Grannelaget har ikkje gjeld. Rekneskapen var signert av revisor Magne Brekke og vart godkjend utan atterhald. Det blei påpeikt at husleige for krabbefesten 2013 ikkje blei betalt før 2014. Underskotet for krabbefesten 2014 er derfor reelt sett 3000 lågare enn i regnskapet, noko som er det lågaste underskotet på fleire år.

 

3.        Fastsetjing av kontingent

Kontingenten har vore på kr 200,- pr husstand. Denne vart auka til kr 300,- pr husstand med håp om at vi kan bidra med meir til prosjekter som aktivitetspark framover.

 

4.        Val av nytt styre

Velkomiteen har i år vore Kristian Fagertun og Øyvind Skarstein. Desse stilte ikkje på årsmøtet og hadde ingen nye kandidater til styret. Jan Ole Fagerbakke, Christian Toft, Arvid Tveit og Turid Kuntze tok attval (2 år). I tillegg sit Nina Nicolaysen, Frode Høyland, Robert Wagner-Larsen og Hege Kristin Holemark i styret. Ingen gjekk ut av styret og styret er dermed uendra frå førre år. Det vart oppfordra til å finne fleire medlemmer til styret.

Talet på styremedlem skal vere 10 personar, og difor manglar vi to namn til.

Det ble reist spørsmål om ein må være 10 medlemmar i styret. Grunna krevjande arrangement og at det sjeldan er mogleg for alle medlemmer å stille ved arrangementa ynskjer vi framleis å være 10 medlemmer i styret.

Det vert konstituerande styremøte over påske.

 

5.        Eventuelt

·       Det kom innspel om at fotballbanen på Lyngheim bør gjerdast inn. No er det mange hundar som spring der og mange hundeeigare som ikkje tar ansvar for det hundane legg igjen – noko som er uheldig med tanke på ungane som rullar seg i graset. Alternativt kan ein ha betre skilting med utfyllande tekst. Dette er kommunen sitt ansvar, men grannelaget kan rette forespurnad til kommunen.  

·       Det kom innspel til at vi bør ha fleire aktivitetar for å få med fleire medlemmar. Dette har vært gjort tidligare, men det krev ein del å få gjennomført dette. Grannelaget bør engasjera seg i saker som angår bebuarane i vårt område. Det har blant anna komme ein sak på midtsiden.no i dag om bubilplass på moloen aust for elvo. Kva for konsekvensar vil det få for trafikk, boss, parkering o.l.? Grannelaget opplever no at vi ikkje blir informert frå kommunen om saker som angår oss. Jan Ole sjekkar med kommunen kva slags planar det er for bubilplass på moloen og ber om at vi blir informert om saker som angår vårt nabolag.

·       Det ser ut til at det kommer diesel på austsido av elvo – kanskje under gjestebryggja (inni hesteskoen). Dette er og et kommunalt ansvar, men må kanskje peikast på til kommunen.

 

6.        Informasjon om det historiske tunet på Lyngheim

Nils Georg Brekke informerte om det historiske tunet på Lyngheim, både om historikken og om vidare planer for tunet.

 

7.        Innkomne saker

Det var ingen innkomne saker.

 

 

 

 

Ekstra informasjon