Årsmelding for ”Grannelaget Austomelvo” 2014

 

 

Årsmøte ble heldt i Grannelaget Austomelvo 4. mars 2014.

 

Styret har i 2014 bestått av følgjande medlemmer: Jan Ole Fagerbakke (leiar), Arvid Tveit (kasserar), Hege Holemark (referent), Turid Anne Kuntze, Nina Nicolaysen, Christian Toft (webansvarlig) og Frode Høyland. Robert Wagner Larsen og Bjørn Fosse blei valt inn som styremedlemmer på årsmøtet, men sistnemnte trakk seg ved utgangen av året. Ut av styret gjekk Øyvind Skarstein og Kristian Osen Fagertun .

 

Styret skal i utgangspunktet bestå av 10 personar, men valkomiteen lykkast ikkje med å finne nok nye styremedlemmer. Styret vart konstituert med 9 medlemmer i april, men var ved utgangen av 2014 berre 8 medlemmer. Grannelaget er avhengig av at folk i nærområdet både engasjerer seg i grannelaget og deltar på arrangementa grannelaget står bak. Styret vil jobbe aktivt for å kunne konstituere eit nytt styre basert på 10 medlemmar.

 

 

Styret har i perioden frå årsmøtet i 2014 hatt 3 styremøter;

8. april                        Styremøte, konstituere nytt styre i Austomelvo Grannelag

8. mai                         Ekstraordinært styremøte, bevilling av midlar til lekeplass Lyngheim.

23. september             Styremøte

 

I tillegg til dei ordinære styremøta har det vore arrangert koordineringsmøtar for aktivitetane som grannelaget har hatt ansvar for.

 

  1. Dugnad i Haugsnesfjero. Dugnad for rydding av Haugsnesfjero blei arrangert 13. mai. Fjero blei rydda for tang og boss i forkant av badesesongen og St- Hans-feiring. Oppsamla søppel blei henta av BiR.

 

  1. St. Hans feiring i Haugsnesfjero. Årets St- Hans-feiringa gjekk av stabelen på tradisjonelt vis med bål, grilling og loddsal. I år må styret retta en stor takk til Nina Nicolaysen som tok på seg store arbeidsoppgåver med å få gjennomført arrangementet da fleire frå styret ikkje var tilgjengelig denne dagen. Til tross for moderat oppmøte de siste årene så ønskjer Styret i Grannelaget at ein likevel bør halde fram med det som er blitt ein tradisjon i Steinesfjero, mellom anna med tanke på at ungane Austomelvo skal ha eit trygt tilbod i nærområdet denne kvelden.

 

  1. Krabbefest. Den årlege «Krabbefesten» blei halden den 8. november i Oselvarnaustet. På menyen stod fiskesuppe, krabbeklør, krabbeskal og reker. Magne Brekke stilte også i år som konferansier og loste dei drøyt 40 gjestane gjennom en hyggelig kveld. Geir-Magne Johnsen stod som dei førre årene for musikk bidrog til god stemning på dansegolvet. Styret retter ein takk til alle som bidrog og til alle gjestane som var med på å gjere dette til ein minneverdig kveld!

 

  1. Juletrefest. Tradisjonen tro, så blei juletrefesten arrangert etter nyttårs, på søndag 11. januar. God deltaking av både unge og eldre på juletrefesten, men spesielt hyggeleg å sjå at mange hadde med seg barnebarna sine og at det var god deltaking frå Austre Lurane bufellesskap. Styret har inntrykk av at dette er eit viktig tiltak for å samle innbyggjarane i grannelaget og for å gjere oss synlege i nærmiljøet.

 

Styret ønskjer å rette ein stor takk til alle som har brukt av fritida si og stått på slik at vi kunne lage desse vellukka arrangementa også i 2014 (dugnad, St.Hans, krabbefest og juletrefest).

 

Grannelaget har ikkje vore direkte involvert i politiske saker i 2014, men styret har følgt tett med på planane om å etablera ein leikeplass på Lyngheim. I et ekstraordinært styremøte 8. mai 2014 ble det fatta eit vedtak om at grannelaget vil støtte ein eventuell etablering av leikeplass med 50.000 kroner.  Pengane er ikkje utbetalt i påvente av at tiltaket ikkje er formelt vedtatt.  Ein leikeplass på Lyngheim vil bli eit samarbeidsprosjekt mellom grannelaget og Os kommune, og vil vidare verta koordinert mot Lyngheimstunet og daira planar. Finansieringa vil skje med dugnadsinnsats, tippemidlar og eventuelle tilskot frå Os kommune. Eit førebels informasjonsskriv om leikeplass på Lyngheim vart distribuert i grannelaget i september.

 

Medlemstalet i Grannelaget Austomelvo er relativt stabilt samanlikna med dei siste årene med omlag 60 betalande medlemmer. Det er i dag godt over 200 bueiningar innafor grannelagtes definerte område, så det er eit klart mål om å auke antall betalande medlemmar.

 

Med bakgrunn i at grannelaget har en sunn økonomi, og ein god eigenkapital, så blei det i 2014 vedteke å ikkje auke medlemskontingenten – denne blei fastsatt til å fortsatt være 200 kroner pr husstand.  

 

Heimesida http://www.austomelvo.com/blir oppdatert når noko skjer i Grannelaget, mellom anna blir alle invitasjonar til arrangement lagt her. Vi har også ei side på Facebook der vi har eit aukande tal venar og der informasjon om arrangement og nokre bilete blir lagt ut.

 

 

For styret i Grannelaget Austomelvo.

 

 

Jan Ole Fagerbakke,

16. mars 2015

 

 

 

Ekstra informasjon