Grannelaget Aust om elvo

Referat frå årsmøte 4. mars 2014

 

Det vart halde årsmøte i grannelaget 04.03.2014 kl 1900 i Os Eldresenter.

Frå styret møtte Turid Kuntze, Hege Holemark, Jan Ole Fagerbakke, Øyvind Skarstein, Nina Nicolaysen, Arvid Tveit og Frode Høyland.

Turid Kuntze ønska velkommen.

1.        Godkjenning av innkallinga

Innkallinga til årsmøtet vart godkjent.

2.        Årsmelding og rekneskap

Turid Kuntze gjekk gjennom årsmeldinga. Denne vart funnen i orden.

Arvid Tveit gjekk gjennom rekneskap frå 2013. Grannelaget gjekk med rundt kr 10500 i overskot i 2013. Eigenkapital er no på dryge 74300. Det er om lag 10500 høgare enn i 2012, og det meiner styret er svært bra. Grannelaget har ikkje gjeld. Rekneskapen var signert av revisor Magne Brekke og vart godkjend utan atterhald.

3.        Fastsetjing av kontingent

Kontingenten har vore på kr 200,- pr husstand. Det er framleis slik arrangementa i regi av grannelaget som oftast kostar pengar. Det er heller ingen konkrete prosjekt å nytte pengar på pr i dag, utover eit ønske om å få laga ein leikeplass. På grunnlag av dette, samt at grannelaget pr i dag har god økonomi, var styret sitt framlegg at kontingenten skal fortsette å vere kr 200,-. Dette vart vedteke.

4.        Val av nytt styre

Velkomiteen har i år vore Silje Olsen og Erling Berge. Erling stilte på årsmøtet og la fram liste over dei som er spurte om å stille i styret til grannelaget.. Hege Holemark og Nina Nicolaysen tok attval (2 år). Frode Høyland som har vært fungerande styremedlem i delar av 2013 vart formelt valt inn i styret no. Nye medlem i styret er Robert Wagner Larsen og Bjørn Fosse.  I tillegg sit Jan Ole Fagerbakke, Christian Toft, Arvid Tveit og Turid Kuntze i styret. Kristian Osen Fagertun og Øyvind Skarstein gjekk ut av styret.

Talet på styremedlem skal vere 10 personar, og difor manglar vi eit namn til.

Vedtak: Styret jobbar vidare fram til konstituerande styremøte med å finne tre medlemmar.

Øyvind Skarstein og Anne Marit Høyem har tilbudt seg å vere varamedlem dersom styret ønskjer det. Grannelaget har ikkje hatt varamen til styret, men vi set pris på at det er mogleg å trekkje på ekstra krefter der det trengs.

 

5.        Eventuelt

Under ”eventuelt” vart det gode diskusjonar om aktuelle emne som Grannelaget kan engasjere seg i.  

·       Kan Norges Velforbund være aktuelt for Grannlaget aust om elvo? Turid har undersøkt litt etter det siste styremøtet. Det som tidligare heitte Norges Velforbund gjekk konkurs i 2010. Dette er erstatta av VELforbundet (stifta i 2010). Det er også noko som heiter Vellenes Fellesorganisasjon (VFO) med nettside www.velnett.no. Turid lager ei presentasjonssak til neste styremøte så vi kan finne ut meir om kva desse eventuelt kan tilby og kva medlemskap kostar. 

·       Vidare utbyggingar i området Aust om elvo. Det viktigaste for Grannelaget er å kome inn i informasjonsflyten før ting er vedteke og starta på.   

·       Opningstid for nattklubben Solsiden og dermed støy for fleire naboar- veit me kva for ein instans i kommunen som handsamer slike ting?

·       Hamnevegen er etter det vi veit ein kommunal veg. Den er svært sliten og holete.  

·       Smiebakken – i samband med meir utbygging i området og venteleg meir trafikk bør Grannelaget komme i inngrep og krevje fortau for denne vegen.

·       Tømming av bosscontainer ved moloen.

·       Viktig oppgåve: Auke den aktive delen av medlemsmasse for å få engasjement.

·       Oselvanaustet, Oselvarlaget – kunne Grannelaget  engasjere seg med desse, eventuelt betala litt for seg og for eksempel få tilgang til lån av båt?

·       Skal Grannelaget engasjere seg med «Os by» og planane for sentrum («Liv på Øyro»)?

·       Grannelaget bør sende ut informasjon og invitasjon til nye grannar som flytter inn i dei nye husvera.

·       Neste styremøte står på årsplanen 6. mai. Dette er for lenge til. Me synest at me må koma i gang. Turid sjekker med styremedlemma når det kan passa med eit møte og set opp neste styremøte før påske.

6.        Innkomne saker

Det var ingen innkomne saker.