Årsmelding for ”Grannelaget Aust om elvo” 2013

 

 

Årsmøte ble heldt i Grannelaget Aust om elvo 5. mars 2013.

 

Styret har i 2013 bestått av følgjande medlemmer:

 

Turid Kuntze (leiar), Arvid Tveit (kasserar) (deler styreplassen med Liv Strømsvåg), Hege Holemark (referent), Nina Nicolaysen, Øyvind Skarstein, Kristian Osen Fagertun, Christian Toft (webansvarlig) og Jan Ole Fagerbakke. Frode Høyland kom inn i løpet av året som fungerande medlem.

 

Ut av styret gjekk Silje Olsen og Erling Berge.

 

Styret skal bestå av 10 personar, men valkomiteen lykkast ikkje med å finne nok nye styremedlemmer. Styret i 2013 konstituerte seg i det første møtet etter årsmøtet, den 6. mai.

 

Styret har i perioden frå siste årsmøte hatt fire møte for å koordinere dei ulike aktivitetane.

 

St. Hans-feiring vart forberedt med rydding i fjero måndag 27. mai. Ganske mange personar møtte opp og rydda raskt fjero for tang og boss så det vart fint der før badesesongen og St- Hans-feiringa.

 

St- Hans-feiringa gjekk av stabelen på tradisjonelt vis med bål, grilling og loddsal. Veret var litt grått og kjølig, men heldt seg opplett!  Det har nok vore meir folk i Steinnesfjero tidlegare år før me fekk konkurranse av mange andre arrangement. Styret i Grannelaget meiner likevel at vi bør halde fram med det som er blitt ein tradisjon i Steinnesfjero, mellom anna med tanke på at ungane Aust om elvo skal ha eit trygt tilbod i nærområdet denne kvelden.

 

Krabbefesten er blitt eit fast innslag om hausten, og den ble halde den 19. oktober i Oselvarnaustet. På menyen stod fiskesuppe, krabbeklør, krabbeskal og reker. Magne Brekke kalte fram mang ein latter som konferansier. I år som på dei to førre krabbefestane  hadde vi levande musikk ved Geir-Magne Johnsen, og det var svært populært og skapte god stemning på dansegolvet. Takk til alle som bidrog og til alle gjestane som var med på å gjere festen så bra!

 

Julatrefest hadde vi etter nyttårsfeiringa, på søndag 12. januar. Det kom riktig mange, både unge og eldre på julatrefesten, mange hadde med seg barnebarna sine. Styret har difor framleis det inntrykket at dette er eit viktig arrangement for å samle innbyggjarane i Grannelaget og å gjere oss synlege. Serveringa var hotdogs, julekaker og gløgg, brus og kaffi. Det var åresal, julesongar og gang rundt juletreet, og nissen kom sjølvsagt. Både unge og gamle koste seg på festen. Stor takk til alle som har brukt av fritida si og stått på slik at vi kunne lage desse vellukka arrangementa

 

Grannelaget har ikkje hatt tunge politiske saker i år, men har følgt med på planane for utbygging i Hamnevegen og området rundt, på begge sider av Hatvikvegen. Styret har drøfta korleis vi kan gjere grannelaget synleg og uttala oss til kommunen og i media om det som vedkjem området vi bur i.

 

Medlemstalet i Grannelaget Aust om elvo har gått ned frå 69 i 2011 til 59 betalande i 2012. I 2013 var det ei lita, men gledeleg auke til 64 betalande medlemmer.

 

Talet på medlem i styret i Grannelaget skal vere 10. I 2013 var vi 8 konstituerte pluss Frode Høyland som kom inn i løpet av året og har delteke på møter og arrangement. Det er naudsynt å vere mange, for det er styret som står for arrangementa. Når ikkje alltid alle kan stilla, og når nokre ikkje kan komma blir det mykje arbeid igjen på dei andre.

 

Vi snakkar kvart år om å auke aktiviteten for å få meir blest om Grannelaget, og skal det skje er det heilt naudsynt med aktive folk som stiller til styret.

 

Heimesida http://www.austomelvo.com/blir oppdatert når noko skjer i Grannelaget, mellom anna blir alle invitasjonar til arrangement lagt her. Vi har også ei side på Facebook der vi har eit aukande tal venar og der informasjon om arrangement og nokre bilete blir lagt ut.

 

 

For styret i Grannelaget aust om elvo

 

 

Turid Kuntze

 

 

 

Ekstra informasjon